Vil du vere med å utvikle det systematiske arbeidet innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus (HUS) og i Helse Vest ?
Systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik er ei prioritert oppgåve for sjukehuset, og seksjon for pasienttryggleik har viktige funksjonar for å støtte opp om dette arbeidet. Seksjonen jobbar med ulike overordna system for smittevern, rett antibiotikabruk, styrande dokumentasjon, internrevisjon, risikostyring, meldesystem, klage- og tilsynssaker, forbetringsarbeid med meir. Seksjonen har omfattande samarbeid med dei kliniske einingane og andre stabseiningar. Medarbeidarane i seksjonen jobbar først og fremst i tverrfaglege team, og deltek ofte i lokale, regionale og nasjonale utgreiingar og prosjekt. Seksjonen har ansvar for Regional kompetanseteneste for smittevern i Helse Vest, og Nasjonalt senter for antibiotikabruk i sjukehus.
Seksjon for pasienttryggleik er ein av seks seksjonar i Forskings- og utviklingsavdelinga. Seksjonen har 26 medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn, som saman utgjer eit spennande og kompetent fagmiljø.
Legemiddelområdet er eit viktig satsingsområde i helsetenesta i tida framover. Den eine 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan regionalt- og lokalt legemiddelnettverk og arbeid med legemiddelretningslinjene til sjukehuset og tilknytte kompetansekrav. Den andre 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan forvaltning av digital søknadsplattform for utprøvande behandling, utviklings- og innovasjonsprosjekt og arbeid med avtalar for legemiddelinnkjøp og legemiddelmangel. Vi søkjer ein eller to fagleg dyktige og utviklingsorienterte farmasøytar , med genuin interesse for å styrkje kvalitets- og pasienttryggingsarbeid innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Stilling 1 (50%):
- Inngå i team med ansvar for å fremje auka legemiddeltryggleik på HUS og i Helse Vest
- Inngå i team med ansvar for opplæring og kompetanseheving innan legemiddelområdet på HUS
- Ha ansvar for utarbeiding og oppdatering av legemiddelretningslinjer på HUS
- Stilling 2 (50%):
- Inngå i eit team som forvaltar ny digital løysing for søknadsbasert, sjukehusfinansiert legemiddelbehandling
- Delta aktivt i arbeidet knytt til legemiddelinnkjøpsavtalar og legemiddelmangel
- Stilling 1 og 2 - andre oppgåver:
- Bidra med legemiddelkompetanse i internrevisjon og hendingsanalyse
- Utarbeide saksdokument innan legemiddelområdet for føretaksleiinga evt. styret på HUS
- Bidra til å svare ut høyringar på legemiddelområdet, i samarbeid med m.a. Legemiddelkomiteen på HUS
- Ved behov, bidra i andre oppgåver i seksjonen
- Mastergrad i farmasi med minimum 5 års arbeidserfaring, først og fremst frå sjukehus/sjukehusapotek
- Norsk autorisasjon som farmasøyt
- Erfaring frå leiing av, eller deltaking i, nasjonale, regionale og/eller lokale legemiddelrelaterte utviklings- eller forbetringsprosjekt er ønskjeleg
- God IKT-kompetanse, og forståing av/erfaring med digitale system knytte til legemiddel, inkludert for pasientbehandling i spesialisthelsetenesta
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
- Erfaring med utarbeiding av saksdokument innan legemiddelområdet
- Erfaring frå forsking- og/eller utviklingsarbeid er ønskjeleg
- Dyktig og engasjert, med interesse for pasienttryggleik og kvalitet på legemiddelområdet
- Nytenkjande, kreativ og framoverlent lagspelar, som ser moglegheiter til å utvikle og forbetre fagområdet
- Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
- Sjølvstendig, ryddig og systematisk
- Relasjonsbyggjar som verdset tverrfagleg samarbeid og samhandling
- Fleksibel med tanke på nye arbeidsoppgåver innan fagområdet
- Fast stilling; anten som to 50% stillingar eller ein 100% stilling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Dyktige kollegaer med legemiddel- og tverrfagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for å kunne påverke strategisk utvikling av legemiddelområdet
- Jobbe tett på føretaksleiinga på HUS
- Fleksibel arbeidstidsordning, og god pensjons- og forsikringsordning
- Lønn etter avtale, men innanfor gjeldande tariff
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
KontaktinformasjonIngrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4941826355
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.04.2025
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Start Date: 25.03.2025
Telephone:
Contact person:
Company: HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
Norway,
email Apply Now
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, p...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Ønsker du å vere med på vidareutvikling av vårt palliative senter ved Haukeland universitetssjukehus? Ved palliativt senter har vi ledig 2 x 100% faste stillingar for overlege/ utdanningsstilling i pa...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale be...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordri...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hovud/hals-seksjonen er ein av fire seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
04.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, p...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
04.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hjarte post 1s/2v og Hjarte post 4 søker etter assistent i pleie til 15% helgestillingar med arbeid kvar 3-helg. Oppstartsdato etter avtale.Om Hjarte Post 1s/2vHjarte 1s/2v er ein stor hjartemedisinsk...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
03.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandlin...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 02.04.2025
Vi søker konsulent til eit 12 månaders vikariat i 100% stilling ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Seksjon for logistikk og verkstad. Stillinga vil vere tilknytt lager- og transporttenesten...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 02.04.2025
Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 2 x 15% helgestillingar i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudentar v...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 02.04.2025
Vil du bli vår nye nøkkelspelar i arbeidet for å auke finansiering til nyskapande forsking- og innovasjonsprosjekt med mål om å auke innovasjonskrafta i sjukehuset? Forsking og innovasjon lyser no ut...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
To av våre tilsette på helg er snart ferdig utdanna og på veg over i andre stillingar. I den samband treng vi to faste tilsette på helg i ca 27% stilling, annakvar helg.Akuttposten er ein døgnbemanna ...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 03.04.2025
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transp...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 03.04.2025
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transp...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 01.04.2025
Er du ein strategisk, engasjert og handlekraftig leiar som trivst med å leie ei avdeling med eit godt fungerande leiarteam? Har du eit blikk for heilskapen, evne til å ta strategiske avgjerder og evne...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Kreftklinikken på Haukeland Universitets sjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunde...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Ønsker du å vere med og vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 1 x 80% fast stilling, for tida på natt, samt 1 x 20% fast stilling på helg...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 31.03.2025
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Gastrokirurgisk avdeling, har vikariat som LIS 2 i gastrokirurgi. Oppstart etter avtale.Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar, kan cand.med. vurdert fo...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt og har ledig følgande stillingar:2x 15% faste stillingar med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg.2x 16% faste stillinga...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
27.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% eit års vikariat som reinhaldsoperatør/reinhaldar. Ønskeleg med oppstart frå snarast.Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, o...