Vi søker konsulent til eit 12 månaders vikariat i 100% stilling ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Seksjon for logistikk og verkstad. Stillinga vil vere tilknytt lager- og transporttenesten.
Eining for Behandlingshjelpemiddel (BHM) høyrer innunder Medisinsk-Teknisk avdeling, og er organisert i to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Eininga har 37 tilsette totalt, og tilsettgruppa omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å halda oppe ei effektiv drift.
Seksjon for logistikk og verkstad har ansvar for logistikktenester og oppfølging av medisinsk utstyr til heimebuande pasientar i regionen. Det er sju tilsette på lageret, i tillegg til tre sjåførar, fem ingeniørar og éin tilsett på reinhald. På lageret har dei tilsette ansvar for bestilling av varer, varemottak, vareplassering, plukking, klargjering og sending av varer og forbruksmateriell til heimebuande pasientar. I tillegg omfattar arbeidsdagen administrative oppgåver knytt til oppfølging av leveringar og leverandørar, fakturahandtering, og dessutan samarbeid med klinisk seksjon, avdelingar på Haukeland Universitetssjukehus og andre aktuelle aktørar. Det er tett dialog mellom dei tilsette, og dei hjelper kvarandre med dei ulike arbeidsoppgåvene gjennom dagen. Vi handterer forbruksmateriell innan fagområda diabetes, respirasjon og ernæring, og det er viktig at du har evne til å tileigna deg kunnskap om, og bli godt kjent med varene vi leverer.
I tillegg til arbeidsoppgåver på lager, vil det i denne stillinga vere behov for bistand med transportoppdrag og levering av varer til heimedialyse. Vi leverer væske og forbruksmateriell til pasientar med dialysebehandling heime, og det vil kunne vere behov for ein sidemann og/eller sjåfør som bistår ved levering. Det må påreknast tidvis fysisk krevjande og tungt arbeid. Ved behov hjelper lageret også med andre transportoppdrag og leveringar av varer heim til pasientar, difor er det eit krav om førarkort klasse B til denne stillinga.
Arbeidsoppgåvene krev gode datakunnskapar då vi arbeider på tvers av mange ulike datasystem. Du må raskt kunne tileigna deg nødvendig kompetanse innanfor dei systema vi nyttar. Det er ein fordel om du har kjennskap til system som SAP/Libra, Medusa og Microsoft 365 for å nemne nokon. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo, og vi treng deg som arbeider effektivt og har evne til omstilling.
Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna:
- Handtering av plukklister og leveringsordre
- Bruk av ulike datasystem, mellom anna SAP/Libra, Medusa, Kjørotek og Microsoft 365
- Varebestilling
- Oppfølging av bestillingar og leverandørar
- Varemottak
- Fakturahandtering
- Vareplassering
- Plukking og pakking av varer til henting, levering til pasientar og leveringar til interne avdelingar ved Haukeland Universitetssjukehus
- Samarbeid og samhandling med kolleger og faggrupper internt i eininga, pasientar, personale ved klinikkar/avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus, og dessutan andre aktuelle samarbeidspartnarar
- Sjåfør/sidemann ved levering av heimedialyse
- Bistå som sjåfør ved behov
- Vidaregåande skule
- Fordel med fagbrev innan logistikkfaget, arbeidserfaring og god kjennskap knytt til lager og logistikk kan kompensere for manglande fagbrev
- Fordel med erfaring innan transport, sjåføroppdrag og ruteplanlegging
- Ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema vi nyttar
- Ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Kan arbeide godt, både sjølvstendig og i team
- Har god fysisk helse
- Er punktleg og påliteleg
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp
- Er god på å tileigna deg ny kunnskap
- Har motivasjon og interesse for å levera ei god teneste til våre pasientar
- Arbeider strukturert og effektivt
- Er ærleg, sjølvstendig og løysingsorientert
- Evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- Er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Fleksitid med kjernetid
- Arbeid på dagtid måndag-fredag
- Snarleg tiltredning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.KontaktinformasjonMalene Sævrøy Johannessen, Seksjonsleiar, 97183736, malene.sevroy.johannessen@helse-bergen.no.jtn.cvconv.com
ArbeidsstadSolheimsgaten 13
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4941665456
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.04.2025
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Start Date: 01.04.2025
Telephone:
Contact person:
Company: HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
Norway,
email Apply Now
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
09.04.2025
Dette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli ein så god helsefagarbeidar som mogleg. Som traineehelsefagarbeidar blir du tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og deltar på tr...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
09.04.2025
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?Vi søkjer dyktige intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar til våre intensiv- og postoperative seksj...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
08.04.2025
Er du ein strategisk og engasjert leiar med solid erfaring frå leiing av prosjektleiarar?Det er Prosjektkontoret som har ansvar for å planlegge, leie og koordinere prosjekt innan bygg, infrastruktur, ...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
07.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Vil du bli ein nøkkelspelar innan datahandtering og kliniske studiar? Vi søker etter dyktige personar til stillinga som rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit satsingsområde ved sjuk...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 07.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, p...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Ønsker du å vere med på vidareutvikling av vårt palliative senter ved Haukeland universitetssjukehus? Ved palliativt senter har vi ledig 2 x 100% faste stillingar for overlege/ utdanningsstilling i pa...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale be...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordri...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Hovud/hals-seksjonen er ein av fire seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
04.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, p...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
04.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Hjarte post 1s/2v og Hjarte post 4 søker etter assistent i pleie til 15% helgestillingar med arbeid kvar 3-helg. Oppstartsdato etter avtale.Om Hjarte Post 1s/2vHjarte 1s/2v er ein stor hjartemedisinsk...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
03.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandlin...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 02.04.2025
Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 2 x 15% helgestillingar i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudentar v...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 02.04.2025
Vil du bli vår nye nøkkelspelar i arbeidet for å auke finansiering til nyskapande forsking- og innovasjonsprosjekt med mål om å auke innovasjonskrafta i sjukehuset? Forsking og innovasjon lyser no ut...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
To av våre tilsette på helg er snart ferdig utdanna og på veg over i andre stillingar. I den samband treng vi to faste tilsette på helg i ca 27% stilling, annakvar helg.Akuttposten er ein døgnbemanna ...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 03.04.2025
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transp...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
01.04.2025
Updated on: 03.04.2025
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transp...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 01.04.2025
Er du ein strategisk, engasjert og handlekraftig leiar som trivst med å leie ei avdeling med eit godt fungerande leiarteam? Har du eit blikk for heilskapen, evne til å ta strategiske avgjerder og evne...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Kreftklinikken på Haukeland Universitets sjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunde...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
28.03.2025
Updated on: 02.04.2025
Ønsker du å vere med og vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 1 x 80% fast stilling, for tida på natt, samt 1 x 20% fast stilling på helg...