Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal. Oppstart i stillinga er 1.8.2025.
Arbeidsstaden er campus Sogndal og stillinga utgjer 100%.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i norsk/norskdidaktikk knytt til lærarutdanningane, etter- og vidareutdanningar og nasjonale/regionale tilskotsordningar
- Ein mindre del av arbeidsoppgåvene vil vere forsking- og utviklingsarbeid med relevans for instituttet sine fagområde
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven.
Formelle kvalifikasjonar:
- For fast tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha fullført master/hovudfag i norsk/norskdidaktikk/nordisk eller master i praktisk/skuleretta utdanningsvitskap / master i didaktiske praksisar med norskfagleg masteroppgåve / GLU-master med masterfag norsk eller begynnaropplæring.
- For fast tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad/hovudfag med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Personlege eigenskapar:
- Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
- Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk.
- Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Relevant undervisningserfaring frå barnehage, grunnskule og/eller høgare utdanning.
- Norskfagleg kompetanse med relevans for stillinga, bl.a. undervisningskompetanse i både litterære og språklege emne.
- Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
Utdanningsfagleg kompetanse:
- Krav til utdanningsfagleg kompetanse for høgskulelektorar:
- Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule vil bli tillagt stor vekt.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- Attestar og vitnemål
- Ev. vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.) og fullstendig publikasjonsliste.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Faggruppeleiar Janne Sønnesyn
Tlf.: 57 67 61 56
E-post: Janne Sønnesyn
Instituttleiar Tom Rune Kongelf
Tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802
E-post: tom.rune.kongelf@hvl.no.jtn.cvconv.com
Inkludere, utfordre og samhandle
Om arbeidsgiveren:
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Start Date: 25.03.2025
Telephone:
Contact person:
Company: HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
Norway,
email Apply Now
SOGNDAL KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN in
SOGNDAL
12.04.2025
Updated on: 14.04.2025
Sogndal kommune søkjer sommarvikarar ved Teknisk drift ved byggavdelinga og avdelinga for veg og grønt.Du må like å jobbe ute, kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre. Erfaring med liknande ...
NORTURA SA AVD SOGNDAL in
SOGNDAL
12.04.2025
Vi søker engasjerte og motiverte produksjonsmedarbeidere til vårt produksjonsteam hos Nortura Sogndal!I denne rollen blir du en viktig del av den linjebaserte produksjonen, hvor arbeidsoppgavene omfat...
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28 in
SOGNDAL
10.04.2025
Updated on: 13.04.2025
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.Om stillinga...
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28 in
SOGNDAL
10.04.2025
Updated on: 13.04.2025
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.Om stillingaStillinga inngå...
DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB) HOVEDKONTOR in
SOGNDAL
10.04.2025
Updated on: 14.04.2025
Sivilforsvaret har ledig ei spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende vedSogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har erfaring frå samfunnstrygglei...
HEIMETENESTER SOGNDAL in
SOGNDAL
09.04.2025
Updated on: 14.04.2025
Vil DU verta vår kollega til sommaren?? Me treng deg som er motivert, engasjert, sjølvstendig til å gjera det beste for våre brukara og deira pårørande.Me søkjer ferievikarar for sommaren 2025 til hei...
HEIMETENESTER SOGNDAL in
SOGNDAL
09.04.2025
Updated on: 13.04.2025
Likar du tanken på ein variert og meiningsfull kvardag, der du verkeleg kan gjere ein forskjell? Då er dette jobben for deg! Me søkjer engasjerte sjukepleiarar som vil vere med på å skape tryggleik, m...
VEIDEKKE ENTREPRENØR AS FO VEST AVD SOGNDAL in
SOGNDAL
08.04.2025
Updated on: 14.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401231413....
SOGN NÆRING AS in
SOGNDAL
06.04.2025
Updated on: 14.04.2025
Sogn Næring søker fotograf til Sognacamp 2025 – ein jobb der du dokumenterer ein sommar fylt med aktivitetar, festivalar og naturopplevingar. Du får fagleg utvikling, bygge portefølje og vere del av e...
SOGN KULTURSKULE in
SOGNDAL
05.04.2025
Updated on: 11.04.2025
Sogn kulturskule søkjer etter nye medarbeidarar som har lyst til å bruka fagkunnskapen sin til å skapa magiske augneblink – både for små og store elevar, og for gode kollegaer i eit engasjert miljø. ...
SOGNDAL OPPLÆRINGSSENTER in
SOGNDAL
05.04.2025
Updated on: 11.04.2025
Er du klar for ei spennande lærarrolle i eit inkluderande læringsmiljø med fokus på integrering? Vi søkjer ein engasjert og motiverande lærar til Sogndal opplæringssenter i ei 100% fast stilling. Oppl...
BORG SYSTEMVASK AS AVD SOGNDAL in
SOGNDAL
02.04.2025
Updated on: 10.04.2025
Er du vår nye renholder/ renholdsoperatør i Sogndal.Vi søker nå etter dyktige og driftige medarbeidere som vil bidra til at vi leverer gode renholdstjenester til vårt oppdragssted i Sogndal.Hos oss få...
QUALITY HOTEL SOGNDAL in
SOGNDAL
02.04.2025
Updated on: 06.04.2025
Our Italian restaurant La Pergola is looking for more stars to join our team! We are searching for someone who is passionate about service, food, and drinks – and who loves creating memorable experien...
AGTUNNEL AS in
SOGNDAL
01.04.2025
Updated on: 06.04.2025
AGTunnel AS søker etter erfaren og faglig dyktig geomatikkleder.AGTunnel AS søker etter en geomatikkleder i et års vikariat med mulighet for fast stilling, da nåværende leder går ut i et års permisjon...
SOGNDAL VIDAREGÅANDE SKULE in
SOGNDAL
01.04.2025
Updated on: 06.04.2025
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 750 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idretts...
SOGNDAL VIDAREGÅANDE SKULE in
SOGNDAL
01.04.2025
Updated on: 06.04.2025
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 750 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idretts...
SOGNDAL VIDAREGÅANDE SKULE in
SOGNDAL
01.04.2025
Updated on: 06.04.2025
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. Skulen har for tida 41 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idretts...
NILLE SOGNDAL in
SOGNDAL
01.04.2025
Updated on: 08.04.2025
Er du en sosial person som elsker å yte god service? Har du lyst på en jobb der du kan vise frem dine salgsevner og hjelpe kunder i butikken? Da har vi den perfekte stillingen for deg! Vi søker etter ...
ECURA BO OG HABILITERING AS AVD BALESTRAND in
SOGNDAL
30.03.2025
Updated on: 31.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/396316186....
SOGN SYNSSENTER AS in
SOGNDAL
30.03.2025
Updated on: 03.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/396300376....