UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wFørsteamanuensis (vikariat)
Ved Institutt for geovitskap er det ledig eit treårig vikariat som førsteamanuensis innan terrestrisk kvartærgeologi og paleoklima.
Om instituttet
Det overordna målet for Institutt for geovitskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jordas struktur, danningshistorie og forståinga av dei drivkreftene som påverkar jordas dynamikk. Forskingsaktivitetane ved GEO er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på 33 tilsette.
Institutt for geovitskap har ei sentral rolle i UiB sin strategi gjennom sine satsingsområde innan globale utfordringar, særleg når det gjeld klimaendringar og energiomstilling. For å takle dagens og morgondagens samfunnsutfordringar, for eksempel geofarar og knappheit på georessursar, søkjer instituttet å produsere ny kunnskap om dei ulike delane av jordsystemet. Dette gjelder også for den annonserte stillinga, der eitt av måla for den nye stillinga er å bidra til å betre forstå tilhøvet mellom ulike prosessar som er aktive på jordas overflate og deira signaturar i geologiske arkiv.
Utdanning spelar ei viktig rolle i å realisere våre ambisjonar, og vi ynskjer å samkøyre undervisningsaktivitetane meir med forskingsfronten gjennom å nytte moderne teknologi og metodikk i heile læreplanen. I 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor meir og meir på å implementere studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.
Det utlyste vikariatet er i forskargruppa for kvartærgeologi og paleoklima. Forskingsaktivitetar i gruppa fokuserer på marin og terrestrisk kvartærgeologi og paleoklima, og gruppa er ansvarleg for to nasjonale forskingsinfrastrukturar. I løpet av fleire tiår har forskargruppa etablert seg med ein sterk internasjonal posisjon når det gjelder forståinga av kvartærtida og prosessane og innverknaden på landskapsutvikling - både på land og til havs i Nord-Europa. Sidan 2001 har instituttet vore partnar i Bjerknessenteret for klimaforsking, ein av dei største klimaforskingsklyngene i Nord-Europa, med meir enn 240 aktive forskarar.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Stillinga er meint for ein forskar innan terrestrisk kvartærgeologi og paleoklima. Vi vil vektleggje søkjaren si evne til å dokumentere eit høgt internasjonalt forskingsnivå innan for eit breitt spekter av kvartærgeologiske tema men med hovudvekt på undersøking basert på terrestrisk arkiv og særleg innsjøarkiv. Vi er opptekne av å tiltrekkje ein kandidat med erfaring frå feltbaserte undersøkingar og som syner potensiale til å fremje og integrere gruppa sine nasjonale forskingsinfrastruktur fasilitetar.
Vi forventar at kandidaten skal kunne:
- Forplikte seg til forskingsbasert undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og, ph.d.-nivå og må såleis kunne undervise på norsk.
- Uttrykkje interesse og entusiasme for nye studentaktive læringsmetodar.
- Delta i forskingsleiing, inkludert rådgjeving og rettleiing av forskarar.
- Dele kunnskap med samfunnet gjennom samhandling med både beslutningstakarar og innbyggjarar.
- Bidra til å gjere instituttet synleg gjennom aktiv forskingsformidling.
- Vere aktiv i kvalitetsarbeidet i høgare utdanning gjennom iEarth.
I samsvar med universitetet sine generelle føreskrifter, er stillinga pålagt å ta på seg undervisning og tilhøyrande eksamensarbeid og rettleie masterstudentar og ph.d.- kandidatar. Dette krev pedagogikk- og rettleiingskvalifikasjonar på norsk nivå.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha doktorgrad i kvartærgeologi eller nærliggjande fagfelt.
- Søkjarar må ha dokumentert erfaring med undervisning og studentrettleiing (sjå nedanfor).
- Søkjarar må dokumentera forsking av høg internasjonal standard.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må syne potensiale til å fremje og integrere det (analytiske) potensiale til gruppa sine nasjonale forskingsinfrastruktur fasilitetar.
- Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og samarbeidspartnar.
- Søkjarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk og engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Krav til utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
- fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program).
- grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 721 000 til kr 778 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- CV
- vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
- utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
- liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
- namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jostein Bakke, Institutt for geovitskap, e-post: Jostein.Bakke@uib.no.jtn.cvconv.com.jtn.cvconv.com, tlf. 55583503 eller til Instituttleiar professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitenskap, e-post: atle.rotevatn@uib.no.jtn.cvconv.com.jtn.cvconv.com, tlf. 55583390.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen1@uib.no.jtn.cvconv.com.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Start Date: 28.03.2025
Telephone:
Contact person:
Company: UNIVERSITETET I BERGEN FAKULTETET FOR NATURVITENSKAP OG TEKNOLOGI
Norway,
email Apply Now
RENBOLIG SERVICE OG OMSORG AS in
FREDRIKSTAD
08.04.2025
RenBolig Service og Omsorg AS er et firma i stadig vekst, og nå er vi på utkikk etter nye og motiverte medarbeidere til vår renholdsavdeling. Hos oss får du mulighet til å både jobbe selvstendig, samt...
BJØRVIKA APARTMENTS AS in
BERGEN
08.04.2025
Are you someone who takes pride in creating clean and cozy spaces? Do you enjoy working in a dynamic environment with a friendly team? If so, we’d love to have you on board!Hva vi ser etterWhat We're ...
MOVAR IKS AVD RENOVASJON, AVLØP, ADM in
MOSS
08.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401090065....
MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE BYGG- OG EIGEDOMSTENESTER in
KRISTIANSUND N
08.04.2025
Ønsker du å jobbe som tilkallingsvikar i renholdsseksjonen ved Møre og Romsdal Fylkeskommune? Vi har behov for å utvide teamet vårt i region Nordmøre. Og har for tiden behov for tilkallingsvikar som r...
SULDAL KOMMUNE FYSISK TILRETTELGGING/TEKNISK PLANLELGGING in
SAND
08.04.2025
Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du g...
BUNNPRIS BLINDERN in
OSLO
08.04.2025
Bunnpris Blindern søker en kjøkkenmedarbeider til kjøkkenet.Hva vi ser etterEffektivitet og høyt arbeidstempo er viktigste nøkkelen da det er høyt tempo i butikken, og arbeidsoppgavene er mange. Du må...
VEST-TELEMARK VIDAREGÅANDE SKULE in
DALEN
08.04.2025
Fast 100% stilling som reinhaldarVi søkjer etter ein kompetent og fleksibel reinhaldar. Du vil gå inn i eit team med to andre reinhaldarar. Skulen har dei siste åra investert i mykje nytt utstyr og re...
4SERVICE EIR RENHOLD AS AVD AGDER in
KRISTIANSAND S
08.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401060106....
FORSVARSBYGG in
STAVERN
08.04.2025
Vil du bli vår nye medarbeider på Fredriksten verft? Vi søker en dyktig og driftig renholdsbetjent/ renholdsoperatør til å jobbe fast 6 timer i uken. Arbeidstiden er fordelt på tirsdager og fredager....
GULLSTØLTUNET OMSORGSBOLIG in
BØNES
08.04.2025
Ønsker du å jobbe som sommervikar, ringevikar eller i fast helgestilling? Vi har ledige stillinger på vår demensavdeling. Send oss gjerne en søknad.Vi ser etter deg som har hjerte og ekstra engasjeme...
VESTRE VIKEN HF DRAMMEN SYKEHUS - ADMINISTRASJON in
DRAMMEN
08.04.2025
Hvem er du og hva kan du bidra med?Vi ser etter deg som vil være med å bidra til et rent sykehus og god pasientsikkerhet.Renholdsseksjonen på Bærum sykehus og Nytt sykehus Drammen har ansvar for renho...
STORFJELLET BORETTSLAG in
OSLO
08.04.2025
VIL DU BI VÅR NYE RENHOLDER i STORFJELLET BORETTSLAG HOLMLIAHva vi ser etterOrdnede arbeidsforhold og opplæringArbeidsoppgaverER DU VÅR NYE RENHOLDER?Storfjellet borettslag søker etter ny renholder fo...
TOMA FACILITY NORGE AS AVD INNLANDET in
Other
08.04.2025
Vi utvider og søker derfor etter en dedikert servicemedarbeider til 100% stilling på Temporært renhold.Søknadsfrist: SnarestOppstart etter avtale.Krav om sikkerhetsklarering (NSM)Og Norsk statsborgers...
TOMA FACILITY NORGE AS AVD INNLANDET in
Other
08.04.2025
Vi søker etter Servicemedarbeider renhold på Elverum i 70% vikariat.Mulighet for høyere prosent i vikariatet, og fast jobb etterpå.Arbeidstiden vil variere mellom 06.00-21.00 primært dagtid samt noe h...
FRESH FITNESS LYNGDAL in
LYNGDAL
08.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401077648....
4SERVICE EIR RENHOLD AS AVD MØRE in
ÅLESUND
08.04.2025
Eir Vedlikehold i Møre og Romsdal vokser raskt!I denne stillingen vil du være med på å bygge opp en avdeling med spesialkompetanse innenfor temporært renhold. Arbeidsdagen din vil være variert og best...
SLINDE TRANSPORT AS in
LÆRDAL
08.04.2025
Sjåfør til langtransport – Larvik, Voss eller RudshøgdaSlinde Transport søker en motivert sjåfør til langtransportstilling med base i Larvik, Voss eller på Rudshøgda.Stillingen innebærer overnatting i...
TINE SA AVD KRISTIANSAND in
KRISTIANSAND S
08.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401096727....
SCALE AQUACULTURE AS AVD SKODJE in
SKODJE
08.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401065975....