Er du samfunnsinteressert og opptatt av kommunikasjon som eit strategisk verkemiddel? Er du på jakt etter eit meiningsfullt oppdrag i ein kompleks verksemd med eit tydeleg samfunnsoppdrag?
I Vest politidistrikt opprettar vi no ei ny fast stilling som kommunikasjonsrådgivar SKO 1434 ved Stab for kommunikasjon. For spesielt kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som seniorrådgivar SKO 1364.
Stab for kommunikasjon i Vest politidistrikt har det overordna ansvaret for å bidra til at politiet kommuniserer godt og målretta internt, eksternt og i krise. Staben skal bidra til at distriktet nyttar kommunikasjon som eit pedagogisk og strategisk verkemiddel for å nå regionale og nasjonale mål.
Stab for kommunikasjon består i dag av tre medarbeidarar (inkludert leiar), to kvinner og ein mann i alderen 30-50 år med lang erfaring innan kommunikasjonsfag. Staben er involvert i det meste som skjer i distriktet og har god oversikt over og innsikt i organisasjonen. Den har i tillegg ei viktig rolle i samband med kriser og større uventa hendingar. Periodar med svært høgt arbeidspress må påreknast.
Vi ser spesielt etter deg som har eit auge for og erfaring med korleis målretta bruk av kommunikasjon kan få viktige prosjekt til å lukkast, hjelpe leiinga til å gjere seg forstått og bidra til at endringsprosessar opplevast trygge og forutsigbare.
Den nye stillinga vil inngå i eit svært kompetent og sjølvgåande team med godt samhald og tydeleg ansvarsfordeling - og der alle bidreg når uforutsette hendingar skjer. Stillinga er tenkt å ha særskilt fokus på å støtte pågåande og nye utviklingsprosjekt, leiarkommunikasjon og styrking av internkommunikasjonen på tvers av organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for strategisk internkommunikasjon i Vest politidistrikt med særskilt ansvar for støtte til prosjekt Nytt politihus og utviklings- og forbetringsprosjekt i distriktet
- Ansvar for å vidareutvikla leiingskommunikasjon internt i politidistriktet, med særskilt fokus på leiargruppa til politimeisteren
- Saman med strategisk rådgivar i Stab for verksemdsstyring sørgja for robust støtte til toppleiinga innan rådgiving og kommunikasjon.
- Hjelpe organisasjonen i å kommunisera betre internt gjennom kompetansebygging og innhaldsproduksjon.
- Bidra i fellesoppgåvene som ligg til Stab for kommunikasjon, herunder
- Mediehantering
- Inngå i politiets operative stab for håndtering av kriser og uventa hendingar
- Rådgiving av medarbeidarar i møte med media
- Bidra med kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing
- Bidra i utvikling, gjennomføring og evaluering av kommunikasjonsstrategiar og -planar
- Tekst- foto-, lyd- og videoproduksjon
- Mediehantering
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Nødvendig:
- Relevant mastergrad innan til dømes kommunikasjons- og/eller mediefag eller relevant utdanning på bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
- For stilling som seniorrådgivar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarande og
minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfelt - Erfaring med strategisk kommunikasjon og rådgiving i større satsingar
- Erfaring med å ta i bruk ulike verkemiddel for god internkommunikasjon
- Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på bokmål og nynorsk
- Erfaring med foto-, lyd- og videoredigering
- God generell digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskeleg:
- Utdanning innan prosjektleiing er ein fordel
- Erfaring med mediehandtering og krisekommunikasjon er ein fordel
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk
- God rolleforståing med kunnskap om politiske prosessar og offentleg forvaltning
- God samfunnsforståing, forståing for politiets rolle og ansvar, og kunnskap om betydninga til media i samfunnet
Som tilsett i politiet er dagane varierte, og du må vere fleksibel og evna å ta ansvar. Arbeidstid utanom normal arbeidsdag og periodar med svært høgt arbeidspress må påreknast.
Vi søkjer etter deg som:
- har høg motivasjon til å jobba med kommunikasjon i politiet
- er resultatorientert med høg gjennomføringsevne
- er løysingsorientert og evner å jobba og levera under høgt arbeidspress
- har gode samarbeidsevner, er god på relasjonsbygging, og motiverast av å skapa resultat i samarbeid med andre
- er fagleg trygg, har god rolleforståing og nyhetsteft
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil være med på å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som rådgivar (stillingskode 1434), frå kr 710 000,- eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364), frå kr 800 000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvaliserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.di.no/positivsaerbehandling.
Opplysingar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Ref.nr: 25/41546
KontaktinformasjonArne Lutro, Leiar for Stab for kommunikasjon , 55556582For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for HR, 207.HR7@politiet.no.jtn.cvconv.com
ArbeidsstedAllehelgens gate 4
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4925273391
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 13.04.2025
Om arbeidsgiveren:
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med om lag 611 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Start Date: 01.04.2025
Telephone:
Contact person:
Company: BERGEN SENTRUM POLITIHUS
Norway,
email Apply Now
WAVE PERSONELL AS in
BERGEN
05.04.2025
For kunde med solid ordrereserve søker vi etter en motormekanikerDu har erfaring fra Norge i mekanisk bedrift / verft eller tilsvarendeHelst også erfaring fra fagfelt innen sveising, mekaniker eller i...
ADECCO NORGE AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Vi søker kokker og kjøkkenmedarbeidere til 7-7 turnus på Mongstad. Fint om du disponerer bil grunnet reisevei, men ikke et krav. Du må kunne jobbe selvstendig, men også trives med å jobbe i team. Vi s...
NEUMANN BYGG AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400933358....
NORDIC CARE AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400936831....
COMPANYS GALLERIET AS in
BERGEN
05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401087991....
ULOBA - INDEPENDENT LIVING NORGE SA in
BERGEN
05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400904894....
MEDVIND ASSISTANSE AS AVD VESTLAND in
BERGEN
05.04.2025
Medvind Assistanse AS søker etter flere Brukerstyrte Personlige Assistenter (BPA). Det er en spennende og variert jobb som gir deg muligheten til å jobbe tett med mennesker med ulike behov og livssitu...
MEDVIND ASSISTANSE AS AVD VESTLAND in
BERGEN
05.04.2025
Jeg er en kvinne på 32 år som har ME og søker etter assistenter til å bistå meg i hverdagen. Det er viktig for meg at du er strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllende.I jobben som assistent er personli...
BERGEN KOMMUNE BYRÅDSAVDELING FOR FINANS ADM/STAB in
BERGEN
05.04.2025
Ønsker du å lede og videreutvikle økonomiseksjonen i Byrådsavdelingen for barnehage og skole?Vi søker en utviklingsorientert seksjonssjef, med gode samhandlingsevner og en inkluderende lederstil. Som ...
KNOWIT EXPERIENCE BERGEN AS in
BERGEN
05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400939048....
BOHJEMME AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400949340....
STIFTELSEN VIRKSOMHETEN HELGESETER in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Som en del av Helgeseters arbeidstilbud til mennesker med spesielle behov har virksomheten flere verksteder for håndverk som fungerer som arbeidstilbud for våre beboere og som produserer varer til vir...
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, p...
HELSE BERGEN HF AVDELING FOR RUSMEDISIN POLIKLINIKK ENGENHUSET in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 800 medarbeidarar. Hosp...
HARRIS ADVOKATFIRMA AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/401097137....
VESTLAND FYLKESKOMMUNE EIGEDOM OG UTBYGGING BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkesko...
JOBZONE BERGEN AS in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400935410....
ARBEIDSTILSYNET BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Har du lyst til å jobbe for et bedre arbeidsliv i Norge? Nå styrker vi lederlaget vårt! I Arbeidstilsynet jobber vi for et godt arbeidsliv. Det gjør vi gjennom tilsyn, veiledning og samarbeid, og vi s...
PERSONALHUSET SOLUTIONS AS AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Bli vår nye Tekniske leder!Er du klar for en spennende utfordring i bilbransjen hvor du får muligheten til å bygge opp og lede ditt eget verksted?På vegne av kunde i Bergen søker vi en erfaren og enga...
DIREKTORATET FOR HØYERE UTDANNING OG KOMPETANSE AVD BERGEN in
BERGEN
05.04.2025
Updated on: 05.04.2025
Om stillinga og avdelingaVi lever i ei uroleg verd. Internasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong. Vi søkjer ein trygg og utviklingsretta leiar til avdeling for globalt samarbeid. Avdelinga ha...