Ledig fast stilling som rektor ved vaksenopplæringa i Odda i 100 %.
Arbeidsstad: Odda
Vaksenopplæringa i Odda har tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap til deltakarar i introduksjonsprogram, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar samt grunnskuleopplæring, kombinasjonsklasse i samband med Odda vg.skule og individuelt tilrettelagt opplæring for vaksne. Vaksenopplæringa er og teststad for gjennomføring av norskprøvar, prøvar i samfunnskunnskap og statsborgarprøven. Dei nyttar ulike digitale plattformer til både samarbeid mellom lærarane og i samhandling med elevar og samarbeidspartar. Det er eit tett samarbeid med vaksenopplæringa i Kinsarvik, Voss og Kvam i tillegg til verksemd for inkludering. Nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen.
Vår standard for rektorar:
Arbeidsoppgåver:
God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.
Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.
Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.
Omdømmebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdømme.
Samarbeid med aktuelle fagforeiningar og vernetenesten: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid.
Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.
Samarbeid:
Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.
Delta i lærarteamet: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulen.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Utdanning og formell kompetanse for dette skuleslaget.
Erfaring som leiar frå skule og opplæring.
Vidareutdanning i utdannings-/ og skuleleing er eit pluss.
Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.
Kunnskap om nytt læreplanverk og opplæringslova frå 01.08.24.
Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.
God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett og reknskap.
Gode digitale ferdigheiter.
Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.
Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.
Ambisiøs for deltakarane og skulen: Du har høge forventningar til deltakarane og skulen sin suksess.
Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.
Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.
God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med deltakar, tilsette og samarbeidspartar.
Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.
Byggjer gode læringssystem: Du er opptatt av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.
Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullenvangskulen og oppvekstsektoren.
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver.
Spennande arbeid.
Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorer og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.
Gode lønnsvilkår.
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest jfr opplæringslova.
Opptart:
01.08.25.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette”.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Velkomen som søkjar hjå oss!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkjehttps://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Start Date: 27.03.2025
Telephone:
Contact person:
Company: ULLENSVANG KOMMUNE OPPVEKST OG UTDANNING
Norway,
email Apply Now
BOLIDEN ODDA AS in
ODDA
01.04.2025
Updated on: 01.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/399883769....
HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS POLIKLINIKK - ODDA in
ODDA
01.04.2025
På Allmennpsykiatrisk poliklinikk Odda har vi ledig vikariat for psykolog!Folgefonn DPS dekkjer dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene for Kvinnherad og Ullensvang, med eit befolkningsgrunnl...
AUDHILD VIKEN AVD SKAGEN STAVANGER in
ODDA
01.04.2025
Updated on: 01.04.2025
Vi søker medarbeidere til sommersesongen!Er du en engasjert og ansvarlig person som liker å jobbe i et travelt og spennende miljø?Vi søker nye medlemmer for deltid eller heltid i vår butikker i Odda ...
REMA 1000 SMELTEVERKET in
ODDA
01.04.2025
Updated on: 01.04.2025
Vi søker butikkmedarbeider sesonghjelp til Rema 1000 Smelteverket Vi ser etter engasjerte medarbeidere som står klare til å ta imot alle våre kunder, for å bidra til de beste kundemøtene! Er du positi...
CUBUS ODDA AVD 88C in
ODDA
31.03.2025
Updated on: 31.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/400044011....
ULLENSVANG KOMMUNE TENESTER FOR FUNKSJONSHEMMA AVD ODDA in
ODDA
29.03.2025
Updated on: 01.04.2025
Fast stilling for vernepleiar-langvaktordning Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser ut 100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet Bufellesskap. Arbeid i turnus med langvaktord...
SPORT OUTLET ODDA 36 AS in
ODDA
29.03.2025
Updated on: 01.04.2025
Sport Outlet Odda søker sommervikarer – med mulighet for mer jobb etter ferien!Sport Outlet Odda rigger seg for en aktiv og travel sommer – og vi trenger to energiske vikarer! Har du lyst på en jobb...
SEKSE BARNEHAGE in
ODDA
29.03.2025
Updated on: 29.03.2025
100% fast stilling som pedagogisk leiar i Utne barnehage Vil du ha den viktigaste jobben i verda?Ledig fast stilling som pedagogisk leiar 100%, dersom det ikkje er kvalifiserte søkerar vil andre verte...
TROLLTUNGA CAMPING AS in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 01.04.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/399924639....
NORVA24 VEST AS AVD ODDA in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 31.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/394336837....
ULLENSVANG KOMMUNE TEKNIKK OG MILJØ in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 31.03.2025
Leiar Eigedom og miljø 100 %- ledig stillingVerksemdsleiar Eigedom og miljø Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbrukog industri har stor vekst, noko som fører til a...
HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 31.03.2025
Då vil me gjerna ha deg med på laget!Som sjukepleiar hos oss får du jobba med både medisinske og kirurgiske pasientar. Du vil delta i dagbehandling, samarbeide tett i tverrfaglege team og bidra til un...
CUBUS ODDA AVD 88C in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 31.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/396355037....
FAGNE AS AVD ODDA in
ODDA
28.03.2025
Updated on: 29.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/394219056....
ULLENSVANG KOMMUNE TEKNIKK OG MILJØ in
ODDA
28.03.2025
Leiar Byggdrift100 % stilling som verksemdsleiar Byggdrift Verksemda Byggdrift høyrer til sektor Teknikk og Miljø i nye Ullensvang kommune.Byggdrift har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av d...
AGA BARNEHAGE in
ODDA
27.03.2025
Updated on: 30.03.2025
Vil du ha verdens viktigste jobb? Ullensvang kommune har ledig 100% stilling, fast som barnehagelærar i Aga barnehage frå 11.08.25 Vi ynskjer deg som er engasjert i faget og vil vere med å utvikla bar...
BEDRIFTSHELSE1 ODDA in
ODDA
27.03.2025
Updated on: 30.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/399470853....
MIO BPA AS AVD BPA in
ODDA
27.03.2025
Updated on: 30.03.2025
Arbeidsgiver: Mio BPA Tiltredelse: Fortløpende Stillingstype: Fast og tilkalling Arbeidstid: UkedagerHeisann!Jeg er en positiv og omgjengelig dame i 60-årene som bor i naturskjønne Odda sammen med ma...
RABBEN BARNEHAGE in
ODDA
26.03.2025
Updated on: 29.03.2025
Vil du ha verdens viktigste jobb? Ullensvang kommune har ledig med atterhald 4 x 100% stilling, fast som pedagogisk leiar og barnehagelærar i Rabben barnehage frå 11.08.2025. Rabben barnehage er ein ...
METROSTAV NORGE AS AVD ODDA in
ODDA
26.03.2025
Updated on: 26.03.2025
For fullstendig annonsetekst, se annonsen hos finn.no: https://www.finn.no/398726165....